OPOM på synfaring

I samband med at det pågår eit arbeid med barnehage- og skulebruksplan har det polititske utvalet oppveskt og omsorg bestemt seg for å ha ein runde på barnehagane og skulane våre fram mot politisk behandling av saka.

Rektor på Sandeid skule Anita Jørstad Grindheim fortel stolt om eininga si til OPOM. Nils Erik Eide

I haust har OPOM vore på besøk til einingane Vik barnehage og skule, Bjoa barnehage og skule, Vats skule og Sandeid skule. Vidare plan for besøk til våren må utvalet bestemme seg for over nyttår. Saka om barnehage- og skulebruksplan skal opp til politisk behandling sommaren 2022. Det vert travelt for det engasjerte utvalet i vår, då skal dei rekkje over ni einingar til i den langstrekte kommunen vår. 

Under besøket hadde einingsleiarane følgjande agenda som dei skulle presentere for politikarane: 

  • Innleiing, fakta om eininga og drifta
  • Kort synfaring m/spørsmål
  • Eininga inn i framtida
  • Utfordringar med dagens situasjon
  • Suksesshistorie, kva som er bra med eininga og plassen
  • Logistikk (skyss, overgangar mm)
  • Spørsmålsrunde

Politikarane viste veldig interesse under besøka, og stilte gode og avklarande spørsmål. 

Bilder frå besøksrunden: