Om tillit, handlingsrom og et forsterka mandat i PPT

Denne veka har leiar PPT og kommunalsjef oppvekst delteke på PPT-leiarkonferansen 2025 på Gardemoen. Konferansen er et samarbeid med Utdanningsdirektoratet, Statped og Fagleg råd for PP-tenesta. 

Roger Finjord engasjerte publikum då han snakka om det å anerkjenne og vera ein del av laget Nils Erik Eide

Her delte ulike PP-tjenestar og statsforvalterar erfaringar frå praksiskvardagen, og me fekk innblikk i nyare forskingsprosjekt, der PP-tenesta var målgruppe. Overordna tema for konferansen var om tillit, handlingsrom og et forsterka mandat i PPT.

Saman med fleire PP-leiarar på Haugalandet reiste PPT-leiar Sonja H. Lærdal og kommunalsjef oppvekst Nils Erik Eide på denne konferansen, der sistnemnde blei invitert til ein sofasamtale på scenen. Det fall i «god jord» då kommunalsjef oppvekst i Vindafjord kunne bekrefte at han i løpet av konferansen hadde innsett kor viktig nettopp skuleeigar si rolle var for utvikling og samarbeid mellom oppvekst og PPT for eit inkluderande læringsmiljø i skule og barnehage.

Frå "sofapraten" der kommunalsjef Nils Erik Eide deltok saman med Anette G. Solsvik, kommunalsjef i Farsund kommune, Ragnhild Sperstad Lyng, Statsforvalter i Trøndelag og Margrete Ribe, PPT leiar i Moss Sonja Hundseid Lærdal


Konferansen var ein flott møteplass for deling av fagleg innsikt, refleksjonar og danning av nettverk, som ein kan byggja vidare på i eigen kommune.

Mange av innlegga desse dagane hadde fokus på ny opplæringslov og PP-tenesta sitt utvida mandat inn mot skular og barnehagar. Dette mandatet inneber at kompetansen til PPT skal kome tettare på barn og unge for å kunne bidra til tidlig innsats og støtte skular og barnehagar i kompetanse- og organisasjonsutvikling med mål om inkluderande læringsmiljø. I Vindafjord er me allereie godt i gong med dette arbeidet i tett samarbeid med skuleeigar. Dette samarbeidet har resultert i at me i løpet av hausten-24 har etablert støtteteam på alle skular og barnehagar, auka nærvær av PPT og gjennomført  ei analyse av inkluderande praksis på den enkelte eining som grunnlag for utviklingsarbeid med utgangspunkt i lokale behov.

Kjetil Andreas Hansen frå KS konsult snakka om kulturelle og organisatoriske særpreg i PP tenesta Nils Erik Eide

Vindafjord kommune fekk i løpet av konferansen fleire gonger bekrefta at ein er på rett veg i arbeidet med laget rundt barn og unge, men like mykje tek me med oss inspirasjon frå erfaringsdelingar frå andre kommunar og innlegg frå bl.a. Udir, StatPed og Statsforvaltar. Mest inntrykk gjorde likevel føredraget til Roger Finjord.  Han snakka om viktigheita av å få ein klapp på skuldra og føle at ein er ein del av laget, både som barn, elev eller yrkesutøvar. Han viste til at kanskje det viktigaste av alt i arbeid med barn, unge eller vaksne var å stille seg spørsmåla? “Do you know your people? Do you realy love them?" (Mother Teresa)

Her snakkar NTNU Samfunnsforskning om PPT som legitim perifer deltakar i kompetansefelleskap med skule og barnehage. Nils Erik Eide

 

Konferansen var på "The Qube" på Gardermoen. Nils Erik Eide