Ny rettleiar for reguleringsstøtte
I vår har ei gruppe frå Vindafjord og Etne jobba med å utarbeida ein ny rettleiar for reguleringsstøtte etter mandat frå kommunalsjefane i oppvekst. Den er no klar og ligg på nettsida.
FHI
I mandatet gruppa fekk i februar tidlegare i år så stod det:
Bakgrunn for arbeidet:
Det er behov for å utvikla felles handlingsrettleiar for å førebyggja, handtera og inkludera barn som strevar med regulering.
Prosjektet sitt omfang og avgrensing:
Arbeidet skal gjennomførast våren 2023, leverast til SO i møtet som blir sett opp i mai/juni 2023, slik at SO-gruppa kan ha ein runde på dette før sommaren.
Gruppa som har laga denne viktige rettleiaren har vore:
- Mona Rasmussen Sævik- kommunalsjef oppvekst Etne kommune
- Liv Ingunn Heie Medhaug – leiar PPT Etne og Vindafjord
- Bente Tednes Gjil, rektor Vikedal skule
- Anne Grethe Gravdal, styrar Skjold barnehage
- Silje Tjelmeland Øren, avdelingsleiar 1.-4.trinn Enge skule
- Rannveig Obrestad, familieteamet Vindafjord
- Hege Hansen, assisterande styrar barnehage
Barnevern og helse i Etne og Vindafjord, rektor- og styrargruppa, PPT, spesped.nettverka og HTV har vore referansegruppe.
Gruppa leverte rettleiaren til godkjenning hos kommunalsjefane tidlegare denne veka. Den er no godkjent og kan lesast her:
Rettleiar for reguleringsstøtte 2023-26
Sist endra 09.12.2024 11.21