Ny inspektør på Vikedal skule
Monica Stangeland Endresen (37 år) startar som ny inspektør på Vikedal skule til hausten. Ho har jobba både på ungdomstrinnet og barnetrinnet på skulen som lærar, og er no klar for å starte i ny rolle.
Monica Stangeland Endresen
Bente T. Gjil
Ho har god erfaring gjennom 15 år på Vikedal skule, og me er veldig glade for at ho tek med seg kompetansen ho har inn i inspektørrolla. Samstundes vil me ønskja Merete Djuve lykke til vidare i ny jobb, og takka for mange gode år både som lærar på skulen og inspektør dei siste fem åra.
Sist endra 02.06.2023 10.27