Merete Djuve på plass som ny rektor på Vikedal skule
29. januar 2025 møtte Merete Djuve (45) opp til sin første dag som rektor for Vikedal skule. Ho kjem frå jobben som inspektør på Frakkagjerd barneskule. Ho kjenner Vikedal skule godt, der ho tidlegare har jobbar som lærar og inspektør i mange år.
Ny rektor på Vikedal skule Merete Djuve blei ønskt velkommen av kommunalsjefen
Nils Erik Eide
Vindafjord kommune er svært glad for at Merete no er på plass i rektorstolen på Vikedal skule, som har vore utan rektor sidan 1. september då Bente T. Gjil gav seg. I “ventetida” har inspektør Monica Stangeland Endressen vore konstituert som rektor med god støtte og bistand frå Pål Askvig, som til vanleg jobbar som IKT- og utviklingsrettleiar på rådhuset i staben til kommunalsjefen. Dei har løyst jobben godt og hatt god styring fram til denne viktige dagen med den nye rektoren på plass.
Pål Askvig og Monica S. Endressen har hatt god leiing av Vikedal skule i perioden skulen har vore utan fast rektor.
Nils Erik Eide
Me ønskjer Merete velkommen tilbake som medarbeidar i Vindafjord kommune og ser fram til å samarbeide med ho for å vidareutvikle Vikedal skule til det beste for elevane og lokalsamfunnet. Me er sikre på at Merete vil bidra med sin kompetanse og erfaring til å løfte skulen til nye høgder.
Pål Askvig (t.v) og Monica S. Endressen (t.h) ønskjer ny rektor Merete Djuve velkommen til Vikedal skule
Nils Erik Eide
Sist endra 30.01.2025 14.41