Mellomsteg på Bjoa skule vert flytta til Vågen for skuleåret 2024/25
Det har gjennom våren vore utfordringar med å rekruttere lærarar til Vindafjord Kommune. På dei aller fleste av einingane har vi no fått på plass lærar, men på Bjoa skule manglar det fortsatt lærar for 5-7. klasse.
Vindafjord kommune
Stillinga har vore utlyst fire gongar, og det er gjennomført mange intervju, utan å få eigna pedagog til stillinga.
Gjennom den siste månaden har det vore diskutert ulike løysingar, men for å sikra at elevane får undervisning av kvalifisert personell gjennom skuleåret 2024/25, har kommunedirektøren, i samråd med kommunalsjef for oppvekst, barnehage- og skulesjef, rektor og tillitsvalde vedteke at elevane i 5-7. klasse ved Bjoa skule vert flytta til Vågen skule for skuleåret 2024/25. Vedtaket vart gjort no, slik at det skal vere mogeleg å planlegge gjennomføringa av neste skuleår for desse elevane, inkludert planlegging av skyss og liknande.
Rektor har hatt foreldremøte for foreldra til dei elevane det gjeld, samt informert personellet på Bjoa og Vågen.
Sist endra 07.10.2024 12.12