Mattekurs på Skjold skule

Tysdag 18.januar vart det gjennomført mattesamling på Skjold skule for ein del mattelærarar i kommunen.  Med den nye læreplanen vert det store endringar i mattefaget. 

Torstein Mentzoni og Frode Kristenesen hadde eit vellukka kurs for mattelærarar i Vindafjord. Helge Stavenes

Det var ein del bekymringar frå nokon av lærarane om korleis ein skulle møte dei nye utfordringane. Lærarspesialistane i matematikk Frode Kristensen frå Haugesund og Torstein Mentzoni frå Bergen, har i spesialistutdanninga si hatt spesielt stort fokus på den nye matematikken.

På samlinga, som varte i to og ein halv time, deltok heile 20 lærarar frå ungdomsskulane Skjold, Ølen og Vikedal. Det vart lagt til rette for at dei som ville kunne delta digitalt.

Tilbakemeldinga frå lærarane som deltok på kurset var at dette var nyttig, det var eit opplegg som gav dei gode døme på undervisningsmetodar og ikkje minst nye løysingsmodellar.