Leselyst på agendaen

Vindafjordskulen skal ha elevar som likar å lese, både når dei må og når dei kan velje sjølv. Leselyst aukar på sikt lesekompetansen. Partnarskap mellom skular i kommunen og dyktige faglærarar ved Høgskulen på Vestlandet bidrar til dette.
Avsluttande samling saman med HVL Nils Erik Eide

I samband med den desentraliserte ordninga for lokal kompetanseutvikling i skulesektoren, har Vågen og Sandeid skular vore i eit partnarskap med Høgskulen på Vestlandet (HVL) for å auke leselyst og lesekompetanse for elevane sine. Ein kombinasjon av innspel frå faglærarar frå høgskulen, utprøving i praksis og refleksjon i og på tvers av skulane har utvikla lærarane sin praksis og ført til meir leselyst hos elevane.

Pga. koronarestriksjonane har ein vore tvunge til å gjennomføre ein del av dette digitalt. Det har vore utfordrande, men takka vere dyktige folk frå HVL, godt organiserte rektorar og ikkje minst engasjerte tilsette, har det vore vellukka. Tema på samlingane og i utprøvingane har t.d. vore: Lesing som grunnleggjande ferdigheit, motiverande lesing, lesing i ulike fag, nyare barnelitteratur og lesestrategiar.

Tysdag 25. mai fekk ein endeleg lov til å treffast fysisk att, til ei siste samling og evaluering. Då blei det delt gode undervisningsopplegg med lesing i fokus og ein snakka saman rundt og vurderte barnebøker.

Evalueringa til slutt viste at det store fleirtalet meiner at samarbeidet med høgskulen har utvikla skulane sin praksis på ein måte som ein vil ta med seg vidare gjennom å halde fram med motiverande leseoppdrag i undervisninga. Ein ønskjer òg å vidareføre eit samarbeid mellom skulane. Skuleeigar vil leggje til rette for det slik at leselyst og høg lesekompetanse etter kvart vil prege heile Vindafjordskulen.