Ledig stilling som rektor på Vikedal skule

Noverande rektor på Vikedal skule går tilbake til sin tidlegare jobb og difor lyser me no ut etter deg som er initiativrik og løysingsorientert, med evne til nytenking.

Opom under synfaring på Vikedal skule tidlegare i år. Nils Erik Eide

Du må vera utviklings- og resultatorientert i arbeid med den pedagogiske verksemda og det pedagogiske personalet.

Me søker Einingsleiar/rektor ved Vikedal skule i 100% fast stilling frå 01.08.2022. Som einingsleiar vil du vera ein del av rektorgruppa, som består av engasjerte einingsleiarar frå alle skulane i Vindafjord. Einingsleiar er ansvarleg for den daglege drifta, tilpassing og utvikling av skulen. Einingsleiar har til saman 100% administrasjonstid, i tillegg til inspektør i 75% stilling, samt merkantil i ca 50% stilling. 

Les meir om Vikedal skule her

Kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning. Dokumentert pedagogisk kompetanse.
  • Leiarutdanning (rektorskulen eller anna relevant leiarutdanning) er ønskjeleg
  • Relevant leiarerfaring er ønskjeleg
  • Strategisk innsikt og visjonar for Vikedal skule si pedagogiske utvikling
  • Leia og følgja opp utviklingsarbeid og vedtekne planar
  • Evne til strukturert og systematisk leiing og styring av organisasjonen
  • Gode samarbeidsevner, målretta og handlekraftig.
  • Evne til å motivera og inspirera medarbeidarane
  • Innsikt i og evne til god økonomistyring
  • Digital kompetanse

Andre opplysningar

  • Vikedal skule er ein 1-10-skule med 157 elevar, med tilbod om SFO.
  • Vikedal skule har eit team med engasjerte og svært kompetente medarbeidarar med fokus på den einskilde elev, på trivsel og læring. 
  • Vikedal tilhøyrar indre strok av kommunen, og har eit stort tilhøyrande uteområde og er elles omgitt av flott natur, med nærleik til skog, mark og sjø som vert aktivt brukt i undervisninga i skulen. 

Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagte tenester skal det også leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre 
månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar om du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Personlege eigenskapar

  • Gode personlege eigenskapar.

Me kan tilby

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe' Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår

  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Slik søker du
Vindafjord kommune tek berre imot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg i pdf-format. Om du 
ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju.
Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. 

Klikk her for å senda inn søknad

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering.

Søknadsfrist 19.05.2022 

Kontaktperson