For litt over tre år sidan blei Vikedal skule, Ølen skule, Ølenssjøen FUS, Vikedal FUS og PPT med i læringsmiljøprosjekt pulje 5. Denne veka var det avsluttande samling i Oslo.
Fleire kommunar deltok på den avsluttende samlinga for læringsmiljøprosjektet pulje 5 i Oslo
Nils Erik Eide
På grunn av restriksjonane i samband med pandemien blei det aldri gjennomført fysiske samlingar i pulje 5, som Vindafjord var med i. Difor inviterte Utdanningsdirektøratet Vindafjord til Gardermoen på avsluttande samling.
Samlinga vil innehaldt ei veksling mellom erfaringsdeling, faglege innlegg og diskusjonar i grupper, knytt til arbeid med et trygt og godt barnehage- og skulemiljø.
Alle einingane, utanom Ølenssjøen FUS, deltok på samlinga i Oslo. Ølen skule ved rektor Gro Anett Espevoll og inspektør Annika Andreassen la fram korleis dei jobbar for å fremja trygge og gode læringsmiljø. Her snakka dei også om det viktige samarbeidet med Ølenssjøen FUS for å få til gode og trygge overgangar.
Her legg Ølen skule fram sine erfaringar med å arbeide for eit godt læringsmiljø, Gro Anett Espevoll (tv) og Annika Andreassen (th)
Svein Carlos N. Gjil
Samlinga blei finansiert av Udir - reise, opphald og bevertning.
Les meir om læringsmiljøprosjektet her
Sist endra 16.11.2023 13.13