Denne veka har involverte skular, barnehagar og PPT hatt avsluttende samling i Udir sitt læringsmiljøprosjektet, i samarbeid med Læringsmiljøsenteret og statsforvaltaren. Opplegget har gått over ein periode på to år.
Etter to år som deltakande kommune i LMP, er gjengen samla i Haugesund til avsluttende samling
Nils Erik Eide
PPT, Ølen skule, Ølenssjøen FUS barnehage, Vikedal skule og Vikedal FUS barnehage har i to år vore deltakarar i eit læringsmiljøprosjekt (LMP), i regi av Utdanningsdirektoratet. Læringsmiljøsenteret (LMS) og statsforvaltaren har vore gode samarbeidspartnarar i prosjektperioden, som har vore prega av korona med mange digitale møte og samlingar. Siste samling skulle vore i Oslo, men blei omgjort til digital samling grunna korona. Barnehage - og skuleeigar tok ballen i eigne hender og inviterte deltakarane til fysisk samling der ein følgde Udir sitt opplegg på storskjerm. På den måten fekk ein avslutta på ein god måte saman med rettleiarane frå Læringsmiljøsenteret og Statsforvaltaren.
Udir
Læringsmiljøprosjektet har fleire mål
Hovudmål
Å sikra gode og trygge barnehage- og skulemiljø utan mobbing og andre krenkingar.
Delmål
- Myndigheit og eigar prioriterer tidleg innsats og ser barnehagar og skuler i ein heilskapleg samanheng i sitt arbeid for eit trygt og godt læringsmiljø.
- Barnehage-og skuleeigar skal vidareutvikle sin kompetanse i å følgje opp og utvikle leiing av barnehagar og skular. Eigar skal sørgje for at prosjektet blir godt kjent, samt spreia innhald, erfaringar og kompetanse innad i kommunen.
- Leiinga i barnehager og skular tek ansvar for å utvikla ein lærande organisasjon for varig endring av haldningar og kultur, slik at barna får trygge og gode miljø.
- Auka kompetanse hos deltakarane om førebygging, avdekking og handtering mot mobbing og andre krenkingar.
- Barn og foreldre skal involverast og vera aktive deltakarar i prosjektet.
- PPT bør støtte barnehagar og skuler i arbeidet med å utvikle trygge og gode læringsmiljø.
Læringsmiljøprosjektet er eit utviklingsprosjekt som alle barnehagar, skuler, PPT og kommunar vil ha nytte av. Erfaringane frå dei første puljene viser at deltakarane har fått god hjelp til barnehage- og skuleutvikling, og til å sikra gode og trygge barnehage- og skulemiljø utan mobbing og andre krenkingar.
Overordna plan for psykososialt miljø
Som eit ledd i videreføringa av LMP er kommunen no i sluttfasen i arbeidet med ein overordna plan for det psykososiale miljøet for barnehage - og skular. Denne skal vera digital og vil bli å finne på heimesida til kommunen når den er lansert. Det er ein kombinasjon av revidert del og ein heilt ny del, der blant anna barnehagen, etter lovendringa i januar 2021, er med på lik linje med skulane når det gjeld barna sine rettigheiter når det gjeld det psykososiale miljøet.
Det er no arbeidet byrjar
Sjølv om LMP no er i sluttfasen, er det no den verkelege jobben byrjar. Eigar har fortløpande orientert strategisk leiing og politisk nivå om LMP. I tillegg har det vore faste tema på Styrar - og rektormøte, det har også vore arrangert kursdag der alle som jobbar i barnehage og skule har deltatt.
Vindafjord kommune ønskjer å takka samarbeidspartnarane gjennom desse to åra og ser no fram til å jobbe saman for det beste for barn og unge i Vindafjord.