Jobbar for å sikra kvaliteten i barnehagane

Sidan januar 2024 har oppvekst hatt tilsyn på kommunen som barnehagemynde.  Denne veka var barnehage- og skulesjef Anita J. Grindheim og kommunalsjef Nils Erik Eide i Oslo på KS konferanse der dei hadde eit innlegg om erfaringar med dette tilsynet. 

Barnehage - og skulesjef Anita Jørstad Grindheim og kommunalsjef Nils Erik Eide delte sine erfaringar med tilsynet dei er inne i. Tore Bastlien Dahl, Suldal kommune

Tema for konferansen var “Barnehagemynde i utvikling”. Vindafjord kommune er i eit pågåande tilsyn og siste frist for å levere inn svar på tilsynsrapport for Vindafjord kommune er 1. april. 

Det er mykje arbeid med tilsyn generelt, men til sjuande og sist er det god læring. Vindafjord kommune blei plukka ut til tilsyn, men Sauda og Suldal er indirekte involvert då desse tre kommunane har ein samarbeidsmodell på nettopp dette med mynderolla. Under tilsynet har Vindafjord hatt god hjelp frå desse samarbeidskommunane. 

-No håpar at me kan få lukka dette tilsynet, det har pågått i over eitt år. Det har vore nyttig og lærerikt, seier barnehage- og skulesjef Anita Jørstad Grindheim. 

Her er VISS kommunane samla på KS konferanse i Oslo fv: Svein Carlos Gjil, Suldal, Tore Bastlien Dahl, Suldal, Anita J. Grindheim, Vindafjord, Jannicke H. Hatlen, Sauda og Nils Erik Eide, Vindafjord Emil Gunhildrud, Thon Oslo Airport

Sjå felles modell VISS her.

Les om konferansen "Barnehagemynde i utvikling" her.