IKT- og utviklingsrettleiar oppvekst
Pål Askvig, som har jobba som lærar og inspektør på Ølen skule sidan tidleg 2000 talet, er klar for ny og spanande jobb som IKT- og utviklingsrettleiar oppvekst.
Pål Askvig på plass som IKT og utviklingsrettleiar oppvekst
Nils Erik Eide
Den kommunale IKT- og utviklingsrettleiaren oppvekst har eit overordna ansvar for pedagogisk rettleiing/oppfølging av pedagogisk programvare på skulane i kommunen. Han skal passa på at utviklingsarbeid på barnehagar og skular knytt til desentralisert og regional ordning blir planlagt gjennomført i tråd med planane. Dette gjennom deltaking og organisering av møte med barnehagar, skular og universitet/høgskular.
Han skal også ha ei rolle inn mot kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.
60 prosent av stillinga er finansiert via statlege midlar innan tilskotsordninga og 40 % er vikariat for IKT rettleiar som er ute i barselpermisjon. I første omgang har Pål denne rolla ut barnehage - og skuleåret 2022/23. Han byrja 2. januar og har kontor på rådhuset.
Sist endra 20.11.2024 08.55