Høyring - lokale forskrifter etter ny Opplæringslov 2024

Stortinget har vedteke ny opplæringslov som trer i kraft frå og med 1. august 2024. Vindafjord kommune har utarbeida forslag til nye lokale forskrifter etter krav i ny opplæringslov. 

Dette gjeld

  • Forskrift om skulereglar
  • Forskrift om hovudmål
  • Forskrift om permisjon frå grunnopplæringa
  • Forskrift om SFO


Høyringa er sendt til

  • Einingsleiarane på skulane
  • Tilsette i skulane
  • Elevråd
  • FAU
  • SU
  • PPT leiar
  • Barnevernleiar
  • HTV UDF og FF
  • I tillegg ligg den på kommunen si heimeside under «Barn og skule»


Forskrift om ferie- og skuledagar (skuleruta) har vore på høyring og er vedteken til og med skuleåret 2025-26.

Målet er at dei nye forskriftene trer i kraft samtidig med den nye opplæringslova frå og med 1. august 2024.


Forskrift om skulereglar

Den nye forskrifta erstattar Ordensreglement Vindafjordskulen. Forslag til ny forskrift bygger i stor grad på gjeldande ordens - og åtferdsreglar. Den viktigaste endringa i den nye forskrifta er § 7 om organisering av skuledemokratiet. Skuledemokratiet er det kollektive samarbeidet mellom elevane, foreldre og skulen. Skulen skal sørge for at elevane og foreldre får vere med på å planlegge, gjennomføra og vurdera verksemda til skulen, blant anna arbeidet med skulemiljøet, kvalitetsutvikling i opplæringa og fastsetting av skulereglar.

Forskrift om hovudmål

I forskrifta står at det er nynorsk som er hovudmål på alle grunnskular i Vindafjord.

Forskrift om permisjon frå grunnopplæringa

I ny opplæringslov er den største endringa at tidsbegrensninga for permisjon på inntil to veker er teke bort. Kommunane skal no gjennom lokal forskrift tilpassa og bestemma retningslinjene sjølv. 
Kommunedirektøren føreslår å behalda øvre grense på kor mange dagar ein elev kan få innvilga permisjon per skuleår. Dette er sett til 10 skuledagar.


Forskrift om SFO

Den nye forskrifta erstattar Vedtekter for skulefritidsordninga i Vindafjord kommune. I forslaget er gjort små endringar i omgrep slik at den er i tråd med ny opplæringslov.


Kommunedirektøren sender med dette forslaga til lokale forskrifter ut på høyring. 

Svar på høyring sendast til postmottak@vindafjord.kommune.no  merka Høyring-Lokale forskrifter etter ny opplæringslov 2024 i emnefeltet. 

Frist for å svara på høyringa er 17. mai 2024.

Forskrift om skulereglar (PDF, 206 kB)

Forskrift om hovudmål (PDF, 136 kB)

Forskrift om permisjon frå grunnopplæringa (PDF, 154 kB)

Forskrift om SFO (PDF, 239 kB)