Høyring lokal forskrift skuleruta 2026-2027

I følgje ny opplæringslov er skuleruta ei lokal forskrift som skal vedtas av kommunestyret. No blir forslag til skulerute for skuleåret 2026/2027 lagt ut på høyring.

Copilot KI

Kommunane i Nord-Rogaland samarbeider om skuleruta. Me har eit felles bu- og arbeidsmarknad og har eit fagleg samarbeid i regionen. Det er derfor eit mål at kommunane har felles skulerute. 

Ny opplæringslov tredde i kraft 1. august 2024. Etter den nye lova § 14 -1 andre ledd vert det stilt krav om at kommunen gir forskrift om skule- og feriedagar for elevane (skulerute).

Viktig opplysning er at vinterferien i 2027 er veke 7, denne er bestemt av Rogaland Fylkeskommune, den er flytta til denne veka fordi påskeferien er tidleg i 2027. 

Forskrift om skulerute 2026-2027 for grunnskulen i Vindafjord kommune

Med heimel i lov 9. juni 2023 nr. 30 om grunnskulen og den vidaregåande
opplæringa (opplæringslova) § 14-1 andre ledd.

§ 1 Formål
Forskrifta gir informasjon om kva skule- og feriedagar elevane har skuleåret 2026-2027. Elevane har rett og plikt til å møte på de fastsette skuledagane.
§ 2 Verkeområde 
Forskrifta gjeld for elevar ved alle kommunale grunnskular i Vindafjord kommune i skuleåret 2026–2027.
§ 3 Felles datoar
Det er bestemt i opplæringslova at opplæringa skal strekkje seg over minst 38 skuleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker.
Datoar for oppstart og avslutning av skuleåret, samt haustferie veke 41, planleggingsdagar, juleferie, vinterferie veke 7 og påskeferie er felles for alle skular.
Elevane skal ha minimum 190 skuledagar.
§ 4 Lokale variasjonar
Skulane kan gjere unntak frå § 2 om skule- og feriedagar i særlege tilfelle, til dømes grunna eksamensavvikling.
§ 5 Tabell for skuleruta 2026-2027

2026   Elevdagar  
AugustSkulestart for elevane torsdag 20.08

8

 
SeptemberElevfri måndag 21.09 (Kurs-planleggingsdag)

21

 
OktoberHaustferie 05. - 09.10 (veke 41)

17

 
NovemberElevfri fredag 13. (Kurs-planleggingsdag)

20

 
DesemberSiste skuledag før juleferie tysdag 22.12

16

Elevdagar haust 82

 

2027

     
JanuarOppstart etter juleferie måndag 04.01

19

 
 Elevfri måndag 18.01 (Kurs-planleggingsdag)  
FebruarVinterferie 15. – 19.02 (veke 7)

15

 
MarsPåskeferie 22.03-29.03

17

 
AprilElevfri fredag 30.04 

    21

 
Mai

Elevfri: torsdag 06.05 (Kr.himmelfart),

Fredag 07.05. Måndag 17.05 (gr.lovsdag/ 2.pinsedag)

18

 
JuniSiste skuledag før ferie: torsdag  24.06

18

Elevdagar vår 108

 

Kvar skule disponerer tre planleggingsdagar i tillegg.

  Sum dagar 190

§ 11 Iverksetjing og opphøyr
Forskrifta gjeld frå 01.08.26 til og med 31.07.2027.                         

Send høyringssvar til Barnehage – og skulesjef Anita Jørstad Grindheim på e-post: 

anita.jorstad.grindheim@vindafjord.kommune.no 

Frist for å sende innspel er 21.05.2025.

PDF versjon av Forskrift om skuleruta 2026-2027 (PDF, 184 kB)

PDF versjon av skuleruta 2026-2027 (PDF, 270 kB)