Gjer deg synleg i mørket

Oktober kjem med haust og mørke. Trygg Trafikk minnar om at det er tid for å henta fram refleksen, den er den billigaste livsforsikringa du har.  Hugs å sjekka at refleksen din faktisk virkar!

Trygg Trafikk

Trygg Trafikk sine beste reflekstips:

  • Fest refleks på alle jakker og baggar
  • Legg refleksband i skoa
  • Bruk refleks som bevegar seg når du går, då er du mest synleg
  • Bruk minst to refleksar slik at du er synleg frå alle kantar
  • Heng refleksen i knehøgde eller bruk slapwrap på bein

 

Refleksane dine kan gå ut på dato

Gamle refleksar kan gi falsk trygghet. Refleksar er ferskvare og kan slitast ut og mista den optimale effekten for refleksjon av lys. Sjekk difor refleksane dine ved å ta dei med deg ut i mørket eller inn i eit mørkt rom, for så å lysa på dei med ei lommelykt frå minimum fem meters avstand!