Fagsamling

17. november arrangerte barnehage - og skuleeigar fagsamling for fagarbeidarar og assistentar i barnehage og skule med tema korleis møta uønska åtferd hjå barn gjennom god kommunikasjon og relasjon.

Bente T. Gjil og Gro Anett Espevoll hadde eit interessant og nyttig opplegg for deltakarane Nils Erik Eide

Rektor Ølen skule Gro Anett Espevoll og rektor Vikedal skule Bente Tednes Gjil hadde planlagd eit veldig interessant og nyttig innlegg med tema korleis møta uønska åtferd hjå barn i barnehage og skule gjennom kommunikasjon og relasjon.

Om lag 100 dyktige medarbeidarar var med på ein variert kveld med førelesing, gruppearbeid og andre spanande refleksjonar kring utfordrande åtferd hjå barn og elevar. 

Tanken er at denne fagsamlinga kan vera eit fast innslag i årshjulet for denne viktige arbeidsgruppa.

Barnehage - og skulesjef Svein Carlos Nilsen Gjil var godt nøgd med gjennomføringa av fagsamlinga. - Kjekt å sjå så mange engasjerte rundt bordene om dette viktige tema, det var også fint å høyre dei tilsette sine erfaringsdelingar. Det er nyttig å kunne samlast på tvers av barnehage og skule, på tvers av einingar, på denne måten. Me på eigarkontoret håpar å kunne tilby ei slik fagsamling som eit fast innslag kvart barnehage - og skuleår for denne viktige arbeidsgruppa, seier Gjil.

Barnehage - og skulesjef Svein Carlos N. Gjil var godt nøgd med fagsamlinga Nils Erik Eide Om lag 100 assistentar og fagarbeidarar deltok på fagsamlinga på Sandeid samfunnshus Nils Erik Eide