Fag- og ressursdag for laget rundt barn og unge

Leiarar av tenester som møter barn og unge var i dag samla på rådhuset på fag- og ressursdag der interne ressursar hadde gode innlegg i tillegg til gruppearbeid og gode diskusjonar.

Oppvekstkoordinator Inger Kathrine Sundve hadde laga til eit godt opplegg for fag - og ressursdagen på rådhuset Nils Erik Eide

Styringsgruppa for barn og unge, kommunalsjefane Sigurd Gjerdevik, Halfdan Krohn Brekke og Nils Erik Eide, ønskte alle velkomne før dei gav ordet til oppvekstkoordinator Inger Kathrine Sundve som hadde organiserte fag- og ressursdagen på oppdrag frå styringsgruppa. I tillegg til å ha innlegg sjølv så losa ho deltakarane gjennom denne nyttige dagen. 

Leiarar av tenester som møter barn og unge var i dag samla på rådhuset på fag- og ressursdag Nils Erik Eide

Program for dagen

Velkomst og plan for dagen v/Inger Kathrine, oppvekstkoordinator 

LRBU - "Laget rundt barn og unge" 

  • Organisasjonsmodell, status, handlingsplan, møtestruktur 

SLT – «samordning av lokale kriminalitetsforebyggande tiltak 

  • Arbeidsutval, handlingsplan og UngData
  • Evaluering av TOT (tverrfaglig oppvekst team u.skule), erfaringar å ta vidare 

LUNSJ 

«Det trengs ein heil landsby...» v/Turid Askeland, leiar i barnevernet 

  • Eit afrikansk ordtak seier «det kreves en hel landsby for å oppdra et barn» - korleis kan det sjå ut her i Vindafjord? - kva med pedagogane sin landsby? 

Presentasjon av aktuelt case til drøfting / dialogcafè 

  • Oppvekstkoordinator innleiar
  • Påfyll frå ulike perspektiv (politi, barnevern, bhg/skule, helse, PPT, kultur og læring, andre?) 

Tankar til vegen vidare i LRBU og SLT arbeidet 

  • Runde i gruppene før oppsummering i plenum 


BTI modellen

Oppvekstreforma

Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, kompetanseutviklingsplan

Barnehage - og skulemiljø i Vindafjord