Erfaringskonferanse om mobbesaker

KS Rogaland inviterte denne veka til erfaringskonferanse om verknaden av Opplæringslova § 9A sett opp mot Arbeidsmiljølova. Rektorar, inspektørarar, skuleeigar, utvalsleiar OPOM og HTV var på konferansen i Haugesund.

Utvalsleiar for OPOM Steinar Skartland deltok også på konferansen saman med rektorar, inspektørar, skuleeigar og HTV Nils Erik Eide

Desse spørsmåla la grunnlaget for dagen:

  • Korleis praktisere mobbeførebygging i eit fellesskapsperspektiv?
  • Kan nyare teoriar om mobbing gjera oss betre i stand til å førebyggja og handtera mobbesaker?
  • Kva verknadar ser me av Opplæringslova § 9A som omhandlar elevane sitt skulemiljø, sett opp mot læraren sin rettsikkerheit knytt til Arbeidsmiljølova?
  • Korleis praktiserar kommunen handtering av mobbesaker slik at rettssikkerheita til både elever og lærarar blir ivaretatt på ein betre måte?

Frode Restad og Jorunn Sandsmark hadde interessante innlegg som igjen skapte gode diskusjonar rundt borda. Her var det særs nyttig å ha med politikarar, slik at dei fekk meir kunnskap om emnet og ikkje minst var med på gruppeoppgåvene. Frå Vindafjord var utvalsleiaren i OPOM Steinar Skartland med. 

På konferansen deltok kommunane på Haugalandet og frå sørfylket, saman med KS og Statsforvaltaren. Sandnes og Tysvær presenterte case til vidare diskusjonar i grupper. 

Oppvekst har for ikkje lenge sidan utarbeida ein overordna plan for det psykososiale miljøet i barnehage og skule: 

Barnehage- og skulemiljø Vindafjord kommune 2022-2025