Erfaringskonferanse kompetanseløftet

Denne veka inviterte Udir og Statsforvaltaren til erfaringskonferanse for kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Vindafjord var representert med fleire som jobbar med laget rundt barn og unge. 

Nils Erik Eide

Målet med konferansen

  • Skapa meir felles forståing av utfordringane – og moglegheitane
  • Leggja til rette for at me kan læra av kvarandre og dela både utfordringer og gode dømer
  • Gje moglegheit for å etablere nyttige kontaktar og byggja nettverk
  • Gje fagleg påfyll og inspirasjon for vidare arbeid


Les om konferansen og programmet her

Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis er eit av fleire tiltak som skal bidra til at born og unge får den hjelpa dei treng når dei treng det, enten dei går i barnehage, grunnskule eller vidaregåande skule. Satsinga på auka kompetanse i barnehagar og skular og dei lokale støttetenestene, skal bidra til at den spesialpedagogiske hjelpa er tett på born som har behov for det. Samtidig skal oppgåvene til Statped - den statlege spesialpedagogiske støttetenesta - bli tydlegare og meir spissa for born med varige og omfattande behov.

Kompetanseløftet for spesialpedagogisk hjelp og inkluderande praksis i Vindafjord og Etne kommune 

På bakgrunn av innvilga tilførte midlar til kommunane for koordinering , kartlegging og analyse utarbeidde kommunalsjef oppvekst Vindafjord og kommunalsjef oppvekst og kultur Etne eit mandat for «Kompetanseløftet for spesialpedagogisk hjelp og inkluderande praksis».

Målet i kommunane er: 

  • Å inkludera alle born og unge i eit læringsløp som kvalifiserer til framtidig arbeid. 
  • Å gjera opplæringstilbodet vårt så attraktivt at folk vil bu, leva og arbeida i samfunna våre. 
  • At opplæringstilbodet vårt stimulerer til mangfald og kreativitet, slik at fleire skapar arbeidsplassar for seg sjølv og andre. 
     

Dette må sjåast i samanheng med Barnevernsreforma/Oppvekstreforma der kommunen har fått auka ansvar for: 

  • inkludering av alle born, med særleg merksemd på born med ekstra behov for støtte 
  • å styrkja samhandling 
  • å byggja kompetanse på tvers av faggrupper og sektorar

 

Les meir om kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis i Etne/Vindafjord her