Er du vår nye leiar på Bjoa skule og barnehage?

Det er ledig stilling som einingsleiar på Bjoa skjule og barnehage frå 1. juli. Me ser no etter deg som er initiativrik og løysingsorientert, med evne til nytenking. 

Det er ledig stilling som einingsleiar på Bjoa skule og barnehage frå 1. juli

Som einingsleiar vil du vera ansvarleg styrar og rektor, du blir ein del av både styrar- og rektorgruppa som består av engasjerte einingsleiarar frå alle barnehagane og skulane i Vindafjord. Einingsleiar er ansvarleg for den daglege drifta, tilpassing og utvikling av barnehagen og skulen. Einingsleiar har til saman 100% administrasjonstid.

Me ser no etter deg som er initiativrik og løysingsorientert, med evne til nytenking. Du må vera utviklings- og resultatorientert i arbeid med den pedagogiske verksemda i barnehagen og skulen.

Vindafjord kommune har høge ambisjonar for barn si utvikling og elevane si læring. Det er tydelege forventingar til einingsleiar som overordna pedagogisk leiar. 

Einingsleiar rapporterer til barnehage- og skulesjef.

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent barnehage- eller lærarutdanning. Dokumentert pedagogisk kompetanse
  • Leiarutdanning (rektorskulen/styrarskulen eller anna relevant leiarutdanning) er ønskjeleg
  • Relevant leiarerfaring er ønskjeleg
  • Strategisk innsikt og visjonar for oppvekstsenteret si pedagogiske utvikling
  • Leia og følgja opp utviklingsarbeid og vedtekne planar
  • Gode samarbeidsevner, målretta og handlekraftig
  • Evne til å motivera og inspirera medarbeidarane
  • Innsikt i og evne til god økonomistyring

Andre opplysningar

Bjoa skule og barnehage har frå august 2023 9 barn (12 plasser) i barnehagen og 21 elevar på skulen, det er rundt 8 tilsette fordelt på barnehage og skule. 

Personlege eigenskapar:

  • Gode personlege eigenskapar 
  • God til å kommunisera resultat, identifisera utfordringar følgja opp tiltak 
  • Meistrer norsk på ein god måte, både skriftleg og munnleg

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Mentor det første arbeidsåret
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Kontaktperson: 

Svein Carlos Gjil, Barnehage- og skulesjef
Mob: 990 78 863
E-post: svein.carlos.nilsen.gjil@vindafjord.kommune.no