Vurderingsteamet saman med leiinga ved Skjold barnehage. Fv: Astrid Sandvik, Wenche Hjelmtveit, Vibecke Gundersen, Anne Grethe Gravdal, Jannicke Hillestad og Britt-Mona Vang
Nils Erik Eide
Ein svært avgjerande faktor for kvaliteten på tilbodet i barnehage og skule er dei tilsette sin kompetanse og deira evne til å leggja tilrette for- og motivera til barn og unge si læring og utvikling. Barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling skal fremja dette arbeidet.
Barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling skal involvera heile personalet. Arbeidet skal vera skreddarsydd kvar barnehage og skule, og dei tilsette skal sjølv vera skreddarane i eit felles arbeid. Inkluderande fellesskap skal liggja som overordna målsetting for alt arbeidet som blir gjort. Barn, unge og føresette skal bli involvert i arbeidet. Styrar/rektor skal styra og leia arbeidet.
24.- 26. oktober 2023 gjennomførte vurderingsteamet, beståande av Jannicke Hillestad, barnehage- og skulerådgjevar Sauda, Astrid Sandvik, barnehagestyrar, Sauda, Wenche Hjelmtveit, PP-kontakt og Britt-Mona Vang, kompetanse- og utviklingsrettleiar, ekstern vurdering på Skjold barnehage. Torsdagen inviterte dei til presentasjon av rapporten for kommunalsjef, tilsette og foreldre.
Her kan du lesa rapporten frå ekstern vurdering av Skjold barnehage. (PDF, 14 MB)
Les meir om barnehage - og skulebasert kompetanseutvikling her
Det var også planlagd ekstern vurdering av Skjold skule i haust, men av ulike årsakar så vert denne utsett til etter nyttår.