Ekstern vurdering på Vats skule

Som del av samarbeidet oppvekst i Vindafjord har med Sauda og Suldal på barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling skal kommunane ha ekstern vurdering hos kvarandre. 

Rektor Hilde P. Åsbø takkar vurderingsteamet for gode og konstruktive tilbakemeldingar frå den eksterne vurderinga. No ser ho fram til å ta ta i dei gode råda dei fekk frå teamet. Nils Erik Eide

19.-21. november 2024 gjennomførte vurderingsteamet, beståande av Jannicke H. Hatlen, rådgjevar oppvekst Sauda, Ellen Tveit, rektor Fløgstad skule, Suldal og Magnhild Hjartåker, PP-kontakt ekstern vurdering på Vats skule. Dei gav dei tilsette og føresette tilbakemeldingar på alt det gode dei gjer for elevar på Vats skule. Dei gav også gode råd om vidare utvikling. Sjå rapporten nedst for meir info om kva dei peikte på etter den eksterne vurderinga. Lærar Gunhild Marie Osaland takka vurderingsteamet for dei gode tilbakemeldingan og også for råda dei fekk som skulen skal jobbe vidare med for å utvikla seg enda betre i arbeidet for inkludering på Vats skule.

Rektor Hilde P. Åsbø t.v saman med vurderingsteamet Ellen Tveit, Magnhild Hjartåker og Jannicke H. Hatlen Nils Erik Eide

Ein svært avgjerande faktor for kvaliteten på tilbodet i barnehage og skule er dei tilsette sin kompetanse og deira evne til å leggja tilrette for- og motivera til barn og unge si læring og utvikling. Barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling skal fremja dette arbeidet.

Barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling skal involvera heile personalet. Arbeidet skal vera skreddarsydd kvar barnehage og skule, og dei tilsette skal sjølv vera skreddarane i eit felles arbeid. Inkluderande fellesskap skal liggja som overordna målsetting for alt arbeidet som blir gjort. Barn, unge og føresette skal bli involvert i arbeidet. Styrar/rektor skal styra og leia arbeidet.

Les meir om barnehage - og skulebasert kompetanseutvikling her

Her kan du lesa rapporten frå ekstern vurdering Vats skule (PDF, 5 MB)

Dei tilsette følger spent med under presentasjonen av rapporten frå vurderingsteamet. Her er det Jannicke H. Hatlen som fører ordet. Til venstre skimtar med Magnhild Hjartåker og Ellen Tveit, som også var ein del av vurderingsteamet. Nils Erik Eide