Ein heidersmann takka av

Leiv Karsten Medhaug hadde i dag sin siste arbeidsdag i Vindafjord kommune etter 35 år som trufast medarbeidar.


Avslutning for Leiv Karsten Medhaug. - Klikk for stort bileteSommar, kaker, is, jordbær og gode kolleger danna ei flott ramme om Leiv Karsten Medhaug sin siste dag på jobb i Vindafjord kommune. Nils Erik Eide

Leiv Karsten kom til Ølen i 1986, og har jobba som lærar, inspektør, rektor og som skulerådgjevar. Sistnemnde stilling har han hatt i halvtanna år.

Han har også vore aktiv politikar i mange år, siste periode som medlem av formannskapet. Då han takka ja til jobben som rektor på Ølen skule i 2010, måtte han seia frå seg plassen i formannskapet.

Han sa i talen sin på rådhuset siste dag at han måtte gjera dette valet då det var vanskeleg å vera på begge sider av bordet. Ei side der han var med på å vedta budsjettet, og på andre sida skulle forvalta det som han sjølv hadde vore med å vedtatt. 

Dei tilsette på rådhuset markerte Leiv Karsten med talar, eigen song og ikkje minst kake, is og jordbær. 

Tusen takk for lang og tru teneste i Vindafjord kommune, Leiv Karsten, og lukke til som pensjonist!