Konferansier Bent Høie loste deltakarane gjennom konferansen på ein veldig god måte
Nils Erik Eide
Utanforskap er ein kompleks samfunnsutfordring og rammar barn og unge både som enkeltpersonar og gruppe. Å oppleve utanforskap over tid kan gå i arv. Me må jobbe saman på tvers av stat, fylke, kommune og frivilligheit for å forebyggja og avdekke strukturar som bidrar til å forsterka og oppretthalde utanforskap blant barn og unge.
På konferansen fekk deltakarane høyre frå ulike instansar om utanforskap, interessante forskningsrapportar og om førebygging av utanforskap.
Publikum fekk også høyre Madlamark musikkorps saman med dirigenten som hadde eit godt innlegg om det å delta i korps, der det ikkje er "reservebenk".
Madlamark skulekorps
Nils Erik Eide
Det var også fokus på viktigheita av god leseforståing for å hindre utanforskap.
Her kan du lesa programmet for dagen
Det som gav mest inntrykk var innlegget “HELT MED” som Johannes Tveitnes, Adam Berge og Hanne Kluge hadde. Stiftinga “HELT MED” bidrar til mangfald og inkludering ved at det vert oppretta arbeidsplassar for mennesker med utviklingshemming, utviklingsforstyrringar og lærevanskar. Videre bidrar “HELT MED” til at målgruppa blir rekruttert inn i desse jobbane og får tilstrekkeleg oppfølging og opplæring, slik at arbeidsforholda blir mest mogleg vellukka.
Johannes Tveitnes, Adam Berge og Hanne Kluge frå “HELT MED”
Nils Erik Eide
Les meir om “HELT HJEM” her
Barneombodet Inga Bejer Engh hadde også eit engasjerande innlegg som ho hadde kalla for “Barns rettigheter i møte med velferdstjenestene”.
Barneombod Inga Bejer Engh
Nils Erik Eide
Frå Vindafjord deltok fleire medarbeidarar fysisk i Stavanger, i tillegg til mange som deltok digitalt. Tenester som var representert var barnehage, skule, barnevern, PPT, helse, NAV, familieteam, tilrettelagde tenestar, kultur/læring, tenestekontoret, kommunal utviklingsrettleiar, kommunalsjefar m.fl. Deltakarane frå Vindafjord tek innspel og inntrykk med tilbake til kommunen i sitt arbeid med laget rundt barn og unge. Ros til Statsforvaltaren for veldig nyttig og interessant konferanse.
Her er gjengen frå Vindafjord saman med stjatsforvaltar Bent Høie og utdanningsdirektør Marianne Skogerbø
Ingebjørg Rullestad Gjerde
NAV og Integreringstenesta deltok på konferansen digitalt frå kontoret i Ølen. Karianne Dagsland, Katarina Bødtker Heggebø og Siw Elena Eide Seldal.
Siw Elena Eide Seldal
Oppvekstreforma
BTI modellen
Kompetanseløftet for spesialundervisning og inkluderande praksis
Barnehage og skulemiljø