Avslutningssamling for Bry Deg!

Fredag denne veka har det vore avslutningssamling for Bry Deg!, eit læringsmiljøprosjekt som Vats skule og Sandeid-/Vågen oppvekstsenter har deltatt på sidan april 2022.

Avslutningssamlinga var på Gardermoen Nils Erik Eide

Her presenterte Vindafjord ved rektor Vats skule, einingsleiar Sandeid oppvekstser og kommunalsjef oppvekst sine gode erfaringar med arbeidet med Bry Deg! PPT og skulehelsetenesta har også vore med på lag.

Einingsleiar Anita J. Grindheim og rektor Hilde P. Åsbø presenterte sine gode erfaringar med prosjektet Svein Carlos N. Gjil

Einingsleiar Anita Jørstad Grindheim (Sandeid oppvekstsenter), Hilde Pedersen Åsbø (rektor Vats skule), Magnhild Hjartåker (PPT), barnehage/skulesjef Svein Carlos N. Gjil og kommunalsjef for oppvekst Nils Erik Eide deltok på avslutningssamlinga på Gardermoen.

Frå gruppearbeid, f.v Svein Carlos N. Gjil, Hilde P. Åsbø, Magnhild Hjartåker og Anita J. Grindheim. Nils Erik Eide tok bildet Nils Erik Eide

I tillegg til Vindafjord deltek også Karmøy kommune, Nome og Midt-Telemark og Tønsberg med skular i dette prosjektet. 

Det er Læringsmiljøsenteret som har opplegget Bry Deg!, der innhald og tema:

  • Heilskapleg arbeid med skulemiljø
  • Relasjons - og interaksjonskvalitet
  • Avdekking og stopping av mobbing
  • Kapittel 9A i praksis
  • Sårbarheit
  • God start - arbeid med standarder i skulemiljøet
  • Handtering av problemadferd
  • Livsmeistring og psykisk helse


Les meir om Bry Deg! her

Tidlegare har skulane Ølen og Vikedal deltatt på Udir, pulje 5, Læringsmiljøprosjektet. I tillegg har Skjold skule og Bjoa skule deltatt i Olweusprogrammet
 
Kommunen har veldig fokus på det førebyggjande arbeidet med det psykososiale miljøet og har i samband med dette utarbeidd ein overordna plan for barnehage og skule som kan lesast her:

Vindafjord sin overordna plan for psykososialt miljø i barnehage og skule

Les om oppstartssamlinga i Bry Deg! prosjektet her