3D-printarar i undervisninga

Før jul investerte Skjold Skule i 5 3D-printarar for bruk i undervisninga, som eit ledd i satsinga på digital kompetanse og tverrfagleg samarbeid.   

Krister Hareide

Ein 3D-printer er ein maskin som kan printe gjenstandar. På same måte som eit dokument kan skrivast ut på eit ark, kan eit design skrivast ut i plast. Kort forklart vert ein kveil med tynn plast på rull smelta og forma til ein gjenstand, bygd lag for lag frå botnen og opp. Denne prosessen kan ta alt frå ein times tid til eit par døgn.

Elevane i 7. klasse har designa og fått printa støtter til iPadane sine. Dei vart raskt flinke til å meistre designbiten, med tida er det meininga at elevane og skal få innsikt i heile prosessen – design, klargjering for printing og vedlikehald av maskina. Ein er i gong med å nytta teknologien for hjelp i drifta av skulen, og har designa stativ for utstilling av bøker til biblioteket.

Dette verktøyet gir utruleg mange moglegheiter for eit rikare pedagogisk tilbod i skulen, og ikkje berre innan kunst & handverk. I matematikk kan ein jobba med geometri på nye og spanande måtar, tverrfaglege prosjekt kan få ein ny dimensjon, historiske scener kan visualiserast i samfunnsfag – her er fantasien den største hindringa.