Workshop om ny helse og omsorgsplan

I går var kommuneleiing, kommunestyre, tillitsvalde og verneombod samla til ein felles workshop i samband med rapporten frå Agenda Kaupang.

Det var godt engasjement på workshop om ny helse og omsorgsplan på rådhuset torsdag. Sigurd Gjerdevik

Som andre kommunar vil Vindafjord bli sterkt påverka av demografiendringar framover og workshopen var fokusert på korleis ein kan handtere det auka behovet for helse og omsorgstenester i åra framover. Følgande hovudpunkt vart diskutert

  • Bustad utvikling for eldre
  • Teknologiutvikling i helse og omsorgstenestene
  • Scenarier for utvikling av heildøgnsplasser 
  • Virkning av proaktive og reaktive tenestetilbod

Det vart ein veldig interessant dag med gode diskusjonar, engasjerte politikarar  og ny kunnskap.

No går startskotet for ny helse og omsorgsplan.

Les rapporten til Agenda Kaupang her