Kommunen skal behandle vindkraftanlegg som områdeplan etter plan- bygningslova (pbl). Samstundes skal NVE behandle dei same prosjekta etter energilova (konsesjonsprosessen).
Dette betyr at det går føre seg to parallelle saksbehandlingsprosessar. NVE kan ikkje gje konsesjon før kommunen har vedteke ein områdeplan. Kommunen har dermed ein form for vetorett, sidan ein manglande eller avslått områdeplan hindrar at det kan gis konsesjon.
Nedanfor kan du lese meir om korleis behandlinga av ein områdeplan går føre seg i kommunen.
For å svare på spørsmål og gi informasjon, held Eviny ope kontor kvar måndag frå 19. 01.26 og i seks veker framover. Du treff dei i lokala til Medvind i Skjold frå klokka 13.00-1800.

Behandling av områdeplan - slik er prosessen
Prosessen kan litt forenkla delast i tre fasar:
Fase 1: Planoppstart og planprogram (i vindkraftsaker kalla plan- og utgreiingsprogram (PU)
Fase 2: Utgreiingar og utarbeiding av planforslag
Fase 3: Planbehandling og høyring av planen
Sjå her for ein kort forklaring av dei ulike plandokumenta
Har begynt på fase 1
Til no har kommunen mottatt eit planinitiativ og gjennomført eit oppstartsmøte. I eit oppstartsmøte vedtek ikkje kommunen eit planinitiativ, men kommunen har høve til å stoppe initiativet på dette stadiet.
Det kan verka som to måtar å seia det same på, men skilnaden er viktig:
Når kommunen vedtek noko, inneber det at me står inne for innhaldet og gjer eit formelt vedtak. Dette gjer me ikkje med eit planinitiativ.
Kommunen har vurdert at planinitiativet ligg innanfor rammene for å starta ein planprosess. Administrasjonen stoppar derfor ikkje planarbeidet. Eviny kan dermed gå vidare med å utgreia planane sine innanfor rammene for den vidare planprosessen.
Det er mogleg å be om ei politisk prinsippavklaring ved oppstart av planarbeid. Kommunestyret i Vindafjord ønskjer likevel å handsama vindkraftsaker sak for sak etter plan- og bygningslova, mellom anna basert på eit verbalt vedtak i økonomiplanen for 2026.
Planinitiativ i 2024
Eviny leverte eit tilsvarande planinitiativ for Slettene vindkraftverk i 2024. Dette var før kommunestyret hadde tatt stilling til korleis vindkraftsaker skulle behandlast. Difor valde kommunen å leggja fram ei politisk prinsippavklaring til kommunestyret før oppstartsmøtet. Denne saka blei likevel aldri behandla, fordi Eviny trakk initiativet sitt.
Då prinsippavklaringa på nytt blei lagt fram for politisk behandling i desember 2024, fekk kommunen fleire tilbakemeldingar om at saka var for dårleg opplyst. Det er forståeleg, sidan det på dette tidspunktet i prosessen ikkje ligg føre særleg konkret informasjon om moglege konsekvensar.
Den formelle utgreiingsprosessen har ikkje starta. I første fase skal ein ta stilling til føresetnader og om planarbeidet kan starte. I denne fasen finst det ikkje nok informasjon til å ta stilling til sjølve utbygginga.
Dersom kommunestyret ikkje ønskjer å handsama saka før, vil første politiske behandling i Vindafjord kommune vere handsaming av plan- og utgreiingsprogrammet (PU). PU er siste del av fase 1.
På høyring
Før området kan planleggjast vidare, skal plan- og utgreiingsprogrammet (PU) sendast på høyring. PU er ein plan for korleis sjølve områdeplanen skal utarbeidast. Her blir det fastsett kva tema som skal utgreiast, og korleis innbyggjarar, nabokommunar, interesseorganisasjonar og andre skal medverke i planarbeidet.
Kommunen har fått signal frå Eviny om at dei truleg vil sende melding med PU til kommunen og NVE rundt påsketider i år. Dersom dette skjer, vil PU sannsynlegvis bli lagt ut på høyring i løpet av våren. Dette blir den første formelle høyringsprosessen i saka.
Etter høyringa er det mest sannsynleg at PU kjem til politisk behandling i formannskapet i løpet av hausten. Formannskapet kan då:
- fastsetje PU, noko som gir Eviny klarsignal til å starte arbeidet med sjølve områdeplanen, eller
- velje å ikkje fastsetje PU, som vil stoppe planarbeidet på dette stadiet.
Uansett utfall av behandlingsmøtet, vil handsaminga av PU avslutte fase 1 i planprosessen.
Fase 2
I fase 2 blir sjølve planforslaget utarbeidd. Då gjennomfører Eviny dei nødvendige utgreiingane og medverknadsprosessane, i tråd med føringane som blei fastsette i PU. Fase 2 blir avslutta når Eviny eventuelt sender inn ein fullstendig områdeplan til kommunen og ein konsesjonssøknad til NVE.
Fase 3
I fase 3 skal kommunen ta stilling til innhaldet i den ferdige planen. Først vurderer kommunen om planforslaget er godt nok utgreidd til å sendast på høyring (førehandsbehandling). Deretter blir både planen og konsesjonssøknaden sendt på høyring, og det blir gjennomført medverknad.
Til slutt, dersom alle eventuelle motsegner er løyste, kan saka leggjast fram for endeleg behandling i kommunestyret. Det er først i denne fasen kommunen tek stilling til om Vindafjord ønskjer utbygginga.
Ein lang prosess
Slik saka står i dag har kommunen motteke eit planinitiativ og avklart føresetnadane for det vidare planarbeidet.
Det er avgjerande at saka blir godt opplyst og grundig saksbehandla for alle involvert, uavhengig av standpunkt til vindkraft. Som skildra ovanfor, er dette ein nokså lang prosess. Utgreiingar skal gjerast, haldningar skal modnast og drøftast – demokratiet må få verke og av og til kan det ta litt tid.
Mykje merksemd
Det er mange arealsaker med mykje merksemd i kommunen nå.
Me kjem til å lage ei eigen oversiktsside på kommunen sine nettsider som syner status og informerer om prosess for desse sakene.
Vidare er postlista til kommunen open, der ligg all journalført informasjon.