Vindafjord har starta med to typar koronavaksine

Vaksinekontoret vil framover ha stor tilgang på vaksiner, og lageret består av både Pfizer og Moderna. Det er ikkje mogleg å velje kva vaksine du får. Ein vil vere like godt beskytta uavhengig av vaksinetype, og kombinasjon av desse vaksinetypane medfører ikkje større risiko for biverknadar.

Det vart i veke 34 sett ny vaksinerekord i Vindafjord, med 526 vaksinerte. Denne veka har 47 personar fått første dose, og 479 personar har fått andre dose. Det er framleis god flyt i vaksineringa og publikum er flinke til å møte opp til andre dose. Unge som av ulike årsaker ikkje kan møte til timen sin, er flinke til å gi beskjed. Me minner om verdien av å ete ein god frokost før oppmøte.

Vindafjord går over til to typar mRNA-vaksine

Vaksinelageret i kommunen består no av to typar mRNA-vaksiner, BioNTech/Pfizer og Spikevax (Moderna). Ein vil på vaksinedagen bli informert om kva type vaksine ein får, men det vil ikkje vere mogleg å velje. Kombinasjonen av Pfizer og Moderna vil gi like god beskyttelse mot covid-19, og fører ikkje til større risiko for alvorlege biverknadar.

Vaksinene inneheld ikkje levande virus, og kan ikkje gi koronainfeksjon. Begge vaksinene gir meir uttalte biverknadar etter andre dose enn etter første dose. Det vert meldt om at Moderna kan gi litt fleire biverknader enn Pfizer. Dei fleste biverknadane vil melde seg 1-2 dagar etter vaksinasjon. Dette gjeld i hovudsak vanlege, kortvarige biverknadar som hevelse på stikkstaden, å kjenne seg trøytt, hovudpine, muskel- og leddsmerter samt feber.

FHI: Det går bra å kombinere vaksiner fra Pfizer og Moderna

Sjekk koronasertifikatet ditt

Alle som har tatt koronavaksine blir oppfordra til å sjekke koronasertifikatet sitt. Det finn du ved å logge inn på www.helsenorge.no. Dersom informasjonen er mangelfull ber me om at det blir meldt inn på e-post til vaksinekontor@vindafjord.kommune.no.

Vaksinering av 16- og 17-åringar

Etter råd frå FHI har regjeringa beslutta at alle i årskulla 2004 og 2005 skal få tilbod om vaksine på lik linje med dei over 18 år. Vaksinasjon vil beskytte mot alvorleg sjukdom og redusere smittespreiinga i samfunnet.

16-17-åringar får tilbod om koronavaksinasjon

Tilbodet gjeld også for dei i denne aldersgruppa, som ikkje er folkeregistrert i Vindafjord. Vaksinekontoret planlegg vaksinering i skuletida ved Ølen vidaregåande skule og Lundeneset vidaregåande skule. Dersom alt går etter planen er det sannsynleg at alle har fått tilbod om første dose innan utgangen av september. Alle i denne aldersgruppa blir vaksinert med Pfizer, og intervallet skal ligge på 8-12 veker. Dei som ikkje er fylt 16 år må fylle ut eit samtykkeskjema med signatur frå begge foreldre.

Personar i denne aldersgruppa som ikkje er tilknytta ein vidaregåande skule bes om å kontakte vaksinekontor@vindafjord.kommune.no for å bestille vaksine.