Vil du vera meddommar eller skjønnsmedlem?

Vindafjord kommunestyre skal velja meddommarar til lagmannsretten, tingretten og jordskifteretten for perioden
1. januar 2025 til 31. desember 2028.
I tillegg skal kommunestyret foreslå skjønnsmedlemmer til dei tre dommstolane.

domstol.no

Korleis bli meddommar?

Me skal rekruttera nye meddommarar for perioden 2025 – 2028 i løpet av våren 2024. Om du kan tenka deg å vera meddommar eller skjønnsmedlem kan du registrera deg i dette skjemaet, frist 01. mars 2024:

Interesseskjema for meddommar i Vindafjord

Kva slags oppgåver har ein meddommar? 

Meddommarar er vanlege innbyggjarar som er med på å ta avgjersler i rettssaker. Som meddommar kan du rekna med å bli innkalla ein til tre ganger i året. Dei fleste rettssaker varer frå ein til tre dagar, men enkelte saker kan vara lenger.

Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt, og vanlegvis får du fri frå jobb for å utføra vervet. Om du tapar arbeidsforteneste, blir det gitt erstatning for dette.

Vervet som meddommar i Haugaland og Sunnhordland  tingrett, Gulating lagmannsrett eller jordskifteretten inneber at du er ein av fleire meddommarar som skal døma saman med juridiske fagdommarar.

Les meir om kva det vil seia å vera meddommar på domstol.no

Les meir om skjønnsmedlem på domstol.no

 

Kven kan bli meddommar? 

Lovverket stiller krav til kven som kan veljast til meddommar i Vindafjord kommune. Nokre av disse krava er at

  • du er folkeregistrert i Vindafjord kommune
  • du er over 21 år og under 70 år ved start av valperioden 01.01.2025
  • du snakkar og forstår norsk
  • du er statsborgar i Norge eller eit anna nordisk land, eller har stått innført i folkeregisteret som busett i Norge dei tre siste åra
  • utvalet skal bestå av like mange kvinner og menn
  • utvalet skal ha ei allsidig samansetning, slik at det best mulig representerar alle delar av befolkninga


Sjå krav til vandel og kva stillingar du ikkje kan ha i Domstollova § 70-72


Lurer du på noko?
Ta kontakt med oss viss du har spørsmål om vervet eller til valet av meddommarar.
Send en e-post til anne.mette.klungland@vindafjord.kommune.no