Vil du tilby praksis i introduksjonsprogrammet?
Gjennom eit uforpliktande møte matchar me di bedrift med tilgjengelege deltakarar. Saman blir me einige om rammer for praksisen, og integreringstenesta tilbyr oppfølgning, støtte og råd under heile forløpet.
Eit historisk høgt antal flyktningar har kome til Noreg. Mange av desse er vaksne og deltar i introduksjonsprogrammet med mål om å få arbeid eller utdanning. For å hjelpa flyktningar til å starta sine nye liv her, treng me å samarbeida med fleire bedrifter.
Ønskar du ein uforpliktande prat om praksis?
– Dei aller fleste flyktningar ønskar å klara seg sjølv, vera ein del av eit fellesskap og vera til nytte. No ser me etter bedrifter som kan tilby praksis og me er opptatt av å kopla rett person med rett bedrift, seier programrådgivar i intergreringstenesta ved Nav Vindafjord-Etne, Tom Hove Tønnesen.
Send inn kontaktinformasjon så tar me kontakt med deg innan få dagar. Sjå og spørsmål og svar om arbeidspraksis under.
Vil du tilby praksis?
Meld di interesse her
Spørsmål og svar om praksis
Me tilpassar slik at praksis blir tilpassa arbeidsgjevar og deltakar, men den vanlegaste løysinga er arbeidspraksis to dagar i veka.
Dette vil variera. Som regel avtalar me først tre månadar praksis, men nokon deltakarar treng ei lengre utprøving i for eksempel seks månadar til.
Å gi arbeidserfaring til deltakaren. Det vil vera viktig å inkludera deltakaren faglig og sosialt, og stilla med ein kontaktperson. Dette kan vera daglig leiar, butikksjef, lærlingansvarleg eller ein vanleg tilsett.
Arbeidspraksisen blir avslutta og kommunen følger opp kandidaten vidare.
Nei. Deltakarane får introduksjonstønad frå kommunen. Flyktningane har rett til introduksjonsstønad medan dei har praksis. Det vil sei at det er kommunen som betaler lønn mens deltakaren er i praksis.
Programrådgivar tar kontakt for evaluering med informasjon om vidare moglegheiter. Om samarbeidet blir avslutta ønskar me at deltakaren får ein attest/referanse til hjelp ved framtidig jobbsøk.
Kommunen kan ved behov tilby regelmessige møter med bedrifta og flyktningen for å diskutera fremgang, utfordringar og eventuelle tilpasningsbehov. Oppfølginga kan bli gitt av ein norsk- og ukrainsktalande praksiskontakt ved behov. Veiledning kan gis i form av rådgjeving og støtte frå kommunen si side for å bidra til ei vellukka integrering.
Sist endra 07.03.2025 08.52