Viktig melding: Gult farevarsel for brann i lyng og gras

Det er svært tørt for tida, og det er meldt gult farevarsel for skog-, lyng- og grasbrann i vårt område. Det har allereie vore fleire tilløp til lyngbrannar den siste tida.

Me ber alle vere ekstra varsame med open eld og følgje råda frå brannvesenet.

Ser du røyk eller brann som kan kome ut av kontroll – ring 110 med ein gong.

Ikkje bruk open eld der det kan føre til brann. 

Unngå bål, grilling og alt som kan skapa gnistar – det skal så lite til før ein brann startar.

Me oppmodar alle til å nyta dei fine dagane ute, men gjer det trygt:

Ta med pølser på termos, matpakke og gode turvener – så tek me bålkosen igjen når forholda tillet det.

Ilustrasjon - Klikk for stort bilete Yr.no