Tilsette som jobbar med barn og unge, samt inviterte politikarar, politi og andre eksterne, var samla i storsalen på Skjold Arena på planleggingsdagen i dag. I tillegg til Marco Elsafadi, som snakka om inkludering, relasjon og samhandling på ein framifrå måte, var det innlegg frå dyktige medarbeidarar og politiet.
Marco Elsafadi snakka om inkludering og relasjonsbygging.
Nils Erik Eide
Dagen blei starta med styringsgruppa for barn og unge i kommunen, kommunalsjef helse og omsorg Sigurd Gjerdevik, kommunalsjef for samfunnsutvikling Anne Sofie Sandvik og kommunalsjef for oppvekst Nils Erik Eide.
Styringsgruppa for barn og unge ønskjer alle velkommen til den fjerde PåGlimedBTI konferansen. Fv: Nils Erik Eide, Sigurd Gjerdevik og Anne Sofie Sandvik.
Bente T. Gjil
Dei ønskte alle velkommen til den fjerde PåGlimedBTI konferansen i Vindafjord før dei gav ordet til ordførar Ole Johan Vierdal som formelt opna konferansen på ein god måte.
Ordførar Ole Johan VIerdal stod for den offisielle opninga av konferansen.
Nils Erik Eide
Oppvekstkoordinator Inger Kathrine Sundve, som har stått i spissen for innhald og det praktiske rundt konferansen, snakka om den heilskap, samanheng, felles innsats - BTI modellen. Ho presenterte alt det gode arbeidet som blir gjort i kommunen for laget rundt barn og unge. Ho meinte at kommunen samhandla godt på tvers og at me stadig blir betre og betre på dette.
Oppvekstkoordinator Inger Kathrine Sundve.
Nils Erik Eide
Barnevernleiar Turid Askeland, som har vore leiar for gruppa som har jobba med modell for implementering av oppvesktreforma, fortalde om modellen og korleis gruppa har jobba fram modellen. Modell for implementering av oppvekstreforma blei vedtatt i november 2022 av kommunestyret og er å finna på heimesida til kommunen.
Einingsleiar helse Maren Tjelmeland Hustoft snakka så om COS P, som på norsk er trygge foreldre. Dette er eit gratis foreldrekurs til førstegongsforeldre som har barn i alderen 6 månader til 3 år. Kurset passar for alle. Du treng ikkje oppleva foreldrerolla som vanskeleg, eller at barnet ditt har behov for noko spesielt, for å delta.
Avdelingsleiar for helsestasjon og skulehelsetenesta Hilde Bjerkrheim og avdelingsleiar for familieteamet Rannveig Obrestad fortalde om deira tenestar til sine kollegaer i salen.
Teamleiar for integreringstenesta Miriam Aareskjold fortalde så om arbeidet med integrering og busetjing av flyktningar, ho fekk salen til å føle på korleis det er å vera ein flyktning som mistar identiteten sin over natta, noko som gav inntrykk.
Politikontakt Kristine Haraldseid Strandhadde eit innlegg om laget rundt barn og unge frå deira ståstad.. Ho var godt nøgd med samarbeidet med kommunen og oppmoda dei i salen til å ta kontakt med ho dersom ein hadde spørsmål eller behov for hjelp.
Det var veldig mange gode innlegg frå interne medarbeidarar, i tillegg til politikontakten sitt. Her takkar styringsgruppa fv: Kristine H. Strand, Miriam Aareskjold, Rannveig Obrestad, Hilde Bjerkrheim, Turid Askeland, Inger Kathrine Sundve og Maren T. Hustoft.
Yngve Folven Bergen
Etter det gode opplegget til Marco Elsafadi, inkludering, relasjon og samhandling, var det duka for enda fleire interne ressursar. PPT leiar Liv Ingunn Heie Medhaug fortalde om arbeidet med kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis i kommunen i lag med Sonja Hundseid Lærdal, prosjektmedarbeidar og inspektør på Ølen skule. Dei hadde med seg Liv Inger Engevik, som representerar HVL i arbeidsutvalet. Til slutt i denne økta fekk dei i salen høyre om ein familie som følte seg møtt og ivaretatt i Vindafjord kommune etter å ha flytta hit. Det var eit godt døme på at BTI arbeidet fungerar i kommunen.
Utvalsleiar i OPOM Steinar Skartland runda av konferansen på ein framifrå måte. Han skrytte over alt det gode arbeidet som vert gjort i kommunen for laget rundt barn og unge.
Utvalsleiar i OPOM Steinar Skartland runda av konferansen.
Nils Erik Eide
Etter innlegget sitt på PåGlimedBTi konferansen sin for dei tilsette hadde Marco Elsafadi også foredrag for ungdom og foreldre/føresette. Det møtte ca 30 ungdomar og 100 føreldre/føresette.
Her held Marco Elsafadi foredrag for foreldre/føresette.
Inger Kathrine Sundve
PåGlimedBTI konferansen hadde også ein god del stands frå ulike tenestar som deltakarane kunne besøka i løpet av dagen.
Kultur og læring sin stand.
Inger Kathrine Sundve
Her er fleire bilde frå konferansen: