Velkomen til nye nettsider!

Velkomen til våre nye nettsider som er lansert i dag torsdag 15. april. Målet er at dei skal vera enklare å finna fram i, og at tenestene blir presenterte på ein klar og tydeleg måte. 

 

Det er store mengder informasjon som skal på plass, og det er eit arbeid som framleis pågår. Me håpar derfor du vil vera med på laget og melda frå om eventuelle feil og informasjon som manglar.

Det kan du gjera ved å bruka skjemaet Gi innspel til nettsida

Inspirerande samarbeid

Dei nye sidene er eit samarbeid mellom Vindafjord, Etne, Tysvær, Haugesund, Bokn og Sveio. Desse seks kommunane har felles publiseringsløysing frå ACOS, og har hatt eit tett og godt samarbeid. På design har Vindafjord jobba tett saman med  Etne, Tysvær og Haugesund.

–  Det har vore veldig givande og inspirerande. Mange gode diskusjonar og deling av erfaringar på tvers trur eg har bidrege til at me no har ei nettside med funksjonalitet som gjer at innbyggarane våre finn fram til informasjon på ein enkel og effektiv måte. Me kan sjølvsagt ha glippa i å få all informasjon over på noverande tidspunkt. Då vil eg gjerne at innbyggarane gir oss beskjed på kva dei saknar, sier Stina Hetland Golf.

Ho er leiar for service og fellestenester, og har hatt ansvaret for arbeidet med dei nye nettsidene.

Ny profil

Me håpar også du likar korleis nettsida ser ut. Vindafjord kommune har nytta høvet til å friska opp heile profilen. Det vil du etter kvart sjå igjen fleire stadar, som på brevark og i annonnsar.

– Me har hatt eit veldig godt samarbeid med kreative og dyktige konsulentar hos Omega Design. Eg er veldig nøgd med det nye uttrykket som nettsida vår har fått med grafiske element og bruken av fargar. Me håpar at dette også fell i smak hos dei som besøker sida vår, seier Hetland Golf.

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen er ein av dei som har følgt arbeidet med dei nye nettsidene.

– Utbrotet av covid-19 har vist at nettsidene våre har vore ein stad der innbyggarane i kommunen har kunna orientera seg, både om den lokale smittesituasjonen og om kva lokale råd og retningslinjer som er gjeldande. Det har vist igjen på besøkstala. Eg håpar at me med nye nettsider kan gjera informasjonen til innbyggarar og tenestemottakarar enno meir tilgjengelig, seier kommunedirektøren.

Noko kjent, mykje nytt

Sjølv om sidene har fått ny utforming, er det heilt sikkert ting du vil kjenna igjen frå dei gamle nettsidene. Noko av det som er nytt, er at menyen har fått en enklare struktur, og at innhaldet på sidene er meir ryddig og oversiktleg.

Inne i artiklane er skrifttype, linjeavstandar, tabellar og anna innhald meir luftig og lettlest. Nytt på framsida er mellom anna ei enkel oversikt over politiske møter i møtekalenderen.

Me har også fått ein helt ny funksjon, Finn tilsett, som me håpar vil gjera det enklare å finna tilsette i kommunen. Den er dessverre ikkje i funksjon enno, men me jobbar med å få den på plass så snart som mogeleg

Bruk søkefeltet

Dei nye nettsidene har ein god søkefunksjon som gjer det lettare å navigera blant kommunen sine tilbod og tenester. Ettersom me har mykje informasjon på sidene våre, anbefaler me å bruka søkefeltet i størst mogeleg grad.

Responsive og universelt utforma sider

Nettsidene er responsive og kjenner igjen skjermstorleiken dei blir åpna frå. Enten du brukar mobil, nettbrett eller PC. Dette håpar me gjer navigeringa enklare for deg. 

Prinsippa for universell utforming er ivaretatt ved at all informasjon også er tilgjengeleg for dei med nedsett funksjonsevne.

Fann du det du leita etter?

Er det informasjon du ikkje finn, eller innhald som bør endrast, vil me veta om det. Gi oss gjerne tilbakemelding via funksjonen «Fann du det du leita etter» som du finn nederst på nesten alle sidene. Eller bruk skjemaet Gi innspel til nettsida

Du kan vera anonym og treng ikkje legga inn kontaktinformasjon dersom du ikkje ønskjer ei tilbakemelding frå oss. Tilbakemeldingar er viktig, både ros og ris, og er med på å gjera nettsida vår enno betre.

Velkomen igjen, til våre nye nettsider!