Velkomen til bygdemøter om inkludering og mangfald!

Dette er ein invitasjon til lag, organisasjonar og sambygdingar i Vindafjord. Det blir møter i alle bygdene om prosjektet «Inkluderande bygder». Lista er oppdatert med dato for Bjoa og Vikebygd. 

Gerd Altmann, Pixabay

Vindafjord kommune har fått midlar frå Bufdir til arbeid som skal førebygga diskriminering og rasisme.

Vindafjord kommune inviterer difor til samlingar i dei ulike bygdene med fokus på mangfald og inkludering.

Program

  • Bakgrunn for samlinga
  • Litt om diskriminering og rasisme
  • Korleis er det å komma som ny i ei bygd? Film med erfaringar
  • Korleis kan frivilligheit, lag og organisasjonar jobba med inkludering og mangfald
  • Diskusjon og erfaringsutveksling

Møteplan

Det blir ei samling i kvar av dei 9 bygdene så lenge det er påmeldte. Tidspunkt og stad blir oppdatert fortløpande.

Skjold
9. november, klokka 18.00-20.00. Skjold Arena, Varden.

Vats
10. november, klokka 18.00-20.00. Vats skule, gymsalen.

Sandeid og Vikedal
14. november, klokka 18.00-20.00. Sanitetslokalet ved Sandeid skule.

Imsland
17. november, klokka 18.00-20.00. Bygdahuset i Imsland.

Ølen
21. november, klokka 18.00-20.00. Rådhuset i Ølen, kommunestyresalen.

Bjoa
22. november, klokka 18.00-20.00. Drøsaståvo på kaien, Bjoa. 

Vikebygd
23. november, klokka 18.00-20.00. Bygdahuset i Vikebygd.

 

Påmelding digitalt eller via QR-kode

 

 

 

 

 

 

Du kan også melda deg på direkte til miriam.aareskjold@nav.no eller på mobil 41 28 77 22.