Veit du om nokon som har vunne gull i år?

Året 2024 er snart omme og ordføraren gjer seg klar til ei ny nyttårsmottaking i januar 2025. 

Vindafjord kommune ynskjer å gi ros og ei lita merksemd til alle utøvarar som er blitt NM-, EM- eller VM-vinnarar i år. Dette gjeld utøvarar i alle aldrar.

Send inn følgjande informasjon om vinnaren til denne e-postadressa: kultur@vindafjord.kommune.no
•    Fullt namn
•    Mobilnummer
•    Kor personen kjem frå (stad og lag/foreining)
•    Kva personen har blitt NM/EM/VM-vinnar i 
 

Frist for å senda inn er 31.desember 2024.