Veit du om ein NM/EM/VM-vinnar i år?

Året 2023 er snart omme og ordføraren gjer seg klar til ei ny nyttårsmottaking i januar 2024.  Vindafjord kommune ynskjer å gi ros og ei lita merksemd til alle utøvarar som er blitt NM-, EM- eller VM-vinnarar i 2023. Dette gjeld både for den som er ung og for den som ikkje er så ung.

Send inn følgjande informasjon om vinnaren til denne e-postadressa: norunn.helland@vindafjord.kommune.no

  • Fullt namn
  • Mobilnummer
  • Kor personen kjem frå (stad og lag/foreining)
  • Kva personen har blitt NM/EM/VM-vinnar i