Varsel om flaumfare på torsdag: Oransje nivå

Det er sendt ut flaumvarsel på oransje nivå for vårt distrikt, særleg innover på Haugalandet, noko som tilseier stor fare.

PublicDomainPictures

Me vil tilrå alle å førebu seg gjennom å:

  • Halde deg oppdatert på vêrmeldingar. Følg med på varsel og oppdateringar frå Yr og NVE - Norges vassdrag- og energidirektorat, då situasjonen raskt kan endre seg.
  • Rens stikkrenner og kummar – ta ein runde rundt eigedomen og fjern kvistar, lauv og anna som kan blokkere vassvegane. Dette kan hindra at vatnet finn nye, uønska vegar.
  • Sikre verdiar i flaumutsatte områder – flytt verdifulle gjenstandar vekk frå elveleie og andre stadar kor vatnet raskt kan stige.
  • Unngå ras- og flaumutsatte områder – det kan fort oppstå overvatn på vegane, og nokre vegar kan bli stengt. Sjekk oppdatert vegmelding frå Statens vegvesen før du legg ut på tur.
  • Forhandsreglar mot vassinntrenging – dersom du bur i eit område med auka risiko for vatn i kjellaren, gjer nødvendige tiltak i forkant. Flytt lause gjenstandar opp frå gulv, og vurder å setja møbler på klossar for å minimere skade dersom vatnet skulle trengja inn. 

Vakttelefon Vatn og avløp, Vindafjord kommune: 48 09 92 53

Politi: 112
Brann: 110
Helse: 113