Vaksinering av 16- og 17-åringar har starta

Denne veka starta vaskinekontoret vaksinering av 16- og 17-åringar på Lundeneset vidaregåande skule. 439 har fått dose 2 denne veka, og 4.702 vindafjordingar er nå fullvaksinerte.

 Eit trillebord med klare vaksinedosar. - Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

Vaksinering av 16- og 17-åringar skjer parallelt med massevaksineringa framover. Alle i aldersgruppa født i 2004 og 2005 vil bli kontakta for time og vaksinasjonsstad fortløpande via vidaregåande skule og vaksinekontoret.

Intervallet i denne aldersgruppa er 8-12 veker. Denne gruppa blir vaksinert med Pfizer (Corminaty).

Me oppmodar sterkt 16- og 17-åringane som har fått innkalling til vaksinasjon om å ikkje utsetta vaksineringa, men å ta første dose så raskt som mogleg. Tysdag 7. september er det vaksinedag på Ølen vidaregåande skule for denne gruppa.

Vaksinering er viktig for å få ein mest mogleg normal skulekvardag. Om ein utsett vaksinetimen vert ein meir sårbar for smitte og det som følgjer med karantene og heimeskule.

Vaksinering med Moderna

Når me dei komande vekene kallar inn til vaksinasjon av 2. dose med koronavaksine, vil dei fleste som tidlegare har fått Pfizer-vaksine nå få tilbod om Moderna-vaksine. Dette er to vaksiner som er framstilt på same måte, med same teknikk og som gir den same immunresponsen.

Me ønskjer å informera om dette på førehand slik at befolkninga er førebudd på dette når dei møter til vaksinering. Desse to vaksinene har så langt vist seg å ha same effekt, same dekningsgrad og same risiko for biverknadar.

Du kan difor føla deg trygg på at du får like god vaksinedekning og ikkje får større risiko for biverknadar om du får to ulike vaksiner.

Meir informasjon finn du på Folkehelseinstituttet.

Avbestilling og bestilling av vaksinetime i annan kommune

Me ber om at publikum melder inn endringer til vaksinekontoret. Send e-post til vaksine@vindafjord.kommune.no, eller ring vaksinetelefonen 91 30 38 42. Vaksinetelefonen er open måndag - fredag mellom klokka 09.00 - 12.00.

Det er ikkje noko interkommunalt samarbeid om vaksine. Ønskjer du å bli vaksinert i ein annan kommune, må du ordna det sjølv. Då tar du først kontakt med vaksinekontoret i Vindafjord og avbestiller timen du har fått. Deretter må du ta kontakt med den andre vaksinasjonsstaden for bestilling av time.