Massevaksineringa på Sjøperlo i Ølen fortset på torsdagar i vekene som kjem. Testkontoret vil vere stengt torsdagar, då personalet tar del i vaksineringa. Per i dag ligg det an til at alle over 18 år i Vindafjord kan få tilbod om dose 2 innan veke 38. Denne veka fekk 23 vindafjordingar dose 1 og 459 dose 2. Det blir sett vaksinar så lenge lageret rekk, og det er enda ikkje for seint å få dose 1. Ta kontakt med vaksinekontor@vindafjord.kommune.no snarast om du vil bestille vaksine.
Smittesituasjonen i Vindafjord
Det har vore ei auke i antall personar som tar kontakt for testing etter ferien. Nasjonalt er smittesituasjonen prega av mange lokale utbrot. Vindafjord kommune er førebudd på at me også her kan få eit lokalt utbrot. Pandemien er ikkje over, og alle innbyggjarar blir oppmoda om å halde seg heime og teste seg ved symptom.
Nye råd til gravide
FHI anbefalar no alle gravide kvinner som er i 2. og 3. trimester vaksinasjon med mRNA-vaksine mot koronavirus. Gravide som tilhøyrer ei risikogruppe kan vaksinerast frå 1. trimester. Gravide treng ikkje lenger ta kontakt med fastlegen, men kan ta direkte kontakt med vaksinekontoret.
Oppdatert vaksineanbefaling for gravide
Vaksinering av 16-17 åringar
Helsemyndighetene har gitt grønt lys for vaksinering av alle som er fødd i 2004 og 2005. Vaksinekontoret planlegg oppstart av vaksinering etter at alle over 18 år har fått tilbod om dose 2. Dei fleste i denne aldersgruppa går på vidaregåande skule. Tilbodet vil også gjelde elevar som ikkje er folkeregistrert i kommunen. Det blir jobba med å få ein oversikt over desse, og informasjon om praktisk gjennomføring vil bli sendt til skulane.
For dei som er fødd i 2005 og ikkje har fylt 16 år, må det innhentast samtykke frå begge føresette. Det vil bli sendt ut samtykkeskjema til denne gruppa som må besvarast på førehand.
Viktig påminning til deg som er vaksinert og får symptom på korona
Vaksinasjon og gjennomgått covid-19 beskyttar godt, men gir ingen garanti mot å bli smitta. Det er derfor viktig at også fullvaksinerte testar seg og går i karantene til dei får svar på testen.
I det offentlege rom (inkludert offentleg transport) gjeld anbefalingane uavhengig av om du er vaksinert eller ikkje. Dette gjeld til dømes råd om avstand, handhygiene, og bruk av munnbind.
Oversikt over reglar og anbefalingar