Frå venstre: Lene Skartland og Anne-Beate Økland på vaksinekontoret
Anne Mette Klungland
Stor etterspørsel etter vaksine
Vaksinekontoret opplever stor etterspørsel etter vaksine for helvetesild, og har vaksina på lager. Vaksina er godkjent for personar over 50 år og skal tas i to dosar med 8 vekers mellomrom.
Ta kontakt med vaksinekontoret eller rådfør deg gjerne med fastlege på førehand om du er i tvil.
Kontaktinformasjon til vaksinekontoret
Ein smertefull sjukdom
Helvetesild (herpes zoster) er eit smertefullt utslett som karakteriseres ved små blærer i huden. Smertene kan vera svært intense, derav namnet helvetesild.
Det blir anslått at ein av fire som har hatt vannkoppar, vil utvikla helvetesild. I Noreg blir rundt 13.000 personar ramma kvart år. Risikoen aukar ved stigande alder og nedsett immunforsvar.
Helvetesild skuldast reaktivering av vannkoppviruset og gir utslett, kløe og brennande smerter. Smertene kan vedvara 90 dagar etter tilhelding av det akutte utslettet. Smertene påverkar kvardagsliv og sosiale funksjonar, og kan vere vanskeleg å behandla. I sjeldne tilfeller kan det gi meir alvorlege komplikasjonar. Om lag 20% får vedvarandre nervesmerter som kan vara frå månadar til år.
Risikoen for å få herpes zoster aukar ved alder over 50-60 år, ved immunsvikttilstandar, og hos personar som har gjennomgått vannkoppsjukdom før 18 månadar.
Les meir om helvetesild