Vaksen mann treng støttekontakt

Har du 4 timar i veka du kan bruka til å lysa opp kvardagen til andre? 

Pexels@Pixabay

Heimetenesta indre sone søker etter støttekontakt

Triveleg mann på 51 år søker støttekontakt til sosialt samvær. Han likar bilar og turar ute, og ønsker seg ein samtalepartnar som kan bli med på kino og tur. Det hadde vore hyggeleg med selskap til matlaging, handel, kino, konsertar og andre arrangement.

Han køyrer eigen skooter og har bil, så bilturar i nærområdet kan også vera aktuelt.

Arbeidstid: 4 timar per veke. Løn etter regulativ.

Ta kontakt

Kan dette vera noko for deg? Ta kontakt med soneleiar Synnøve E. Steinsland, heimetenesta indre sone.