Målgruppa er personar som blir utsatt for - eller utsett andre for - rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar på grunn av etnisitet, religion og livssyn.
Målet er å leggja til rette for lokale, regionale og nasjonale initiativ og aktivitetar som har til hensikt å motvirka rasisme, diskriminering og hatefulle ytringer på grunn av etnisitet, religion og livssyn.
Bufdir opnar også for søknader frå kommunar/fylkeskommuner, trus- og livssynssamfunn, samt bydelar i Oslo kommune.
Tilskotsordninga skal bidra til å framme antirasisme, mangfold og dialog, samt bidra til kunnskap og medvit i majoritetsbefolkninga om rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar.
Eksemplar på relevante tiltak som har fått tilskot på ordningar tidligare: Dialogmøter, informasjons- og formidlingsarbeid, videoar, podkast, nettsider, nettverksarbeid, workshops, utstillingar, veiviserordningar, ombudsordningar og ulike formar for kartlegging.
Aktørar med nyskapande idear og/eller prosjekt som omhandlar ulike diskrimineringsgrunnlag oppmodast spesielt til å søkja.
Søknadsfrist: 23. oktober 2023
Meir informasjon om ordninga og utlysningsteksten finn de på tilskotssordningas nettside:
Nettlenke : Bufdir tilskot/tiltak mot rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar