Trufast på jobb i 25 år

Sølvi Haraldseid er ei av mange trufaste tilsette i Vindafjord kommune. Nyleg blei både 25- og 40-års jubilantar, samt pensjonistar og lærlingar i Vindafjord kommune heidra.

25 år med variert arbeid innan helse

Kanskje har du møtt Sølvi Haraldseid i ein av stillingane ho har hatt innan helse i Vindafjord kommune? Ho fortel litt om si jobbreise:

“Eg starta i kommunen som lærling i omsorgsarbeidarfaget på slutten av 90-talet, og utdanna meg seinare som sjukepleiar. Etter det har eg jobba både i tilrettelagde tenester, omsorgsenter, fengselshelsetenesta, koronakontor og på helsestasjonen. Årsaka til at eg har valgt å vera i kommunen i så mange år er trivsel, samt gleda av flotte og dyktige kollegaer på samtlige arbeidsplassar eg har vore innom i løpet av 25 år. ”

Sølvi er ei av fleire tilsette som blei heidra for innsatsen sin på Vindafesten den 13. november.  Vindafjord kommune feira tilsette som har jobba i kommunen i heile 25 og 40 år. Fire av dei som vart heidra har vore tilsett i 40 år, medan 31 har jobba i kommunen i 25 år. I tillegg blei pensjonistane og lærlingane heidra. 

Vindafesten baud på god stemning med talar, god mat og flott underholdning frå både KORe` Vindafjord, June kommune og bandet Elle Melle. 

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen utdjupar kvifor stabile tilsette gir grunn til å feira:

Lojale medarbeidarar, stabil og kompetent arbeidskraft er gull verdt for ein kvar organisasjon. Me er difor særskilt takknemleg for alle 25- og 40-årsjubilantar som har bidratt til gode tenester til innbyggarane våre gjennom så mange år. Difor var det veldig hyggelig å få invitera jubilantane til ei markering etter så mange år som tilsette hos oss.

Takk til alle våre flotte tilsette som har bidratt til at kommunen vår er slik me kjenner den i dag!

Flotte tilsette som har jobba 25 år i Vindafjord kommune - Klikk for stort bileteTilsette som har jobba 25 år i Vindafjord kommune

 

Flotte tilsette som har jobba 40 år i Vindafjord kommune - Klikk for stort bileteTilsette som har jobba 40 år i Vindafjord kommune