Treig trafikk?

Om våren er det ikkje langt mellom langhelgene, og kanskje planlegger du ein biltur? Me nyttar høvet til å dela Trygg Trafikk si påminning om å stressa ned og ta trygge val i trafikken.

Bilete av trailer - Klikk for stort bilete Trygg Trafikk

Visste du at

  • Ved å auka farten frå 80 km/t til 90 km/t, sparar du kun 50 sekund per mil?
  • Møteulykker står for den største andelen av dødsulykker i trafikken?
  • Føret kan variera mykje på ein vegstrekning?
  • Å telja 1001 - 1002 - 1003 er ikkje alltid nok? Hald avstand, på vanskeleg føre bør avstanden aukast. 
  • Gamle uttrykk framleis fungerer? Det er betre å komma 5 minutt for seint, enn ikkje i det heile tatt. 
  • Reglane knytta til forbikjøring står omtalt i § 12 i trafikkreglane?

 

Trafikksikker kommune

Vindafjord kommune er godkjent av Trygg trafikk som trafikksikker kommune. 

Godkjenninga frå Trygg trafikk skal bidra til å systematisera kommunen sitt trafikksikkerhetsarbeid. Godkjenninga er ingen garanti for fråvær av trafikkulykker, men skal vera et kvalitetsstempel som viser at Vindafjord arbeidar målretta og heilhetleg med trafikksikkerheit.

Nettlenke til Trygg Trafikk: Kriterier for å bli trafikksikker kommune