Gode råd for å unngå rotter:
- Ikkje la mat eller søppel ligga utandørs.
- Bruk søppeldunk og kompost med tettsluttande lokk.
- Ikkje ha trær og buskar langs husveggen.
- Klipp graset kort rundt heile huset.
- Pass på at dørene kan lukkast tett. Tett hol og sprekker i vegger, vindu og golv.
- Tett ventilar og andre hulrom.
- Ikkje oppbevar ved, bildekk eller andre ting langs husveggen. Dette kan gi skjul for dyra.
Varsle kommunen om rotter
Send e-post til teknisk@vindafjord.kommune.no dersom du har utfordringar med rotter.
Det er viktig at Vindafjord kommune blir varsla om problem med rotter, slik at me kan senda ut informasjon til innbyggjarane om dette. Kommunen kan ikkje gjera tiltak på private eigedomar, det er viktig at eigarane sjølv gjer tiltak mot rotter.
Det er svært sjeldan at det er nødvendig å gjera tiltak med hjelp av saneringsfirma, det beste er å gjera levevilkåra til rottene vanskelege.
Kommunen gjer tiltak i kloakken når det er aktuelt.
Nyttige lenker:
Informasjon om brunrotte frå Folkehelseinstituttet
Lovdata: Forskrift om skadedyrbekjempelse