Tilstandsrapport for barnehage- og skulebygg

Tilstandsvurderingane for barnehage - og skulebygga i kommunen er no levert til Vindafjord kommune, den blir i sak til DUK 14.10.2024 lagt fram til orientering. 

Kommunen mottok nyleg at tilstandsvurderingane og ein er no i gong med å gjennomgå resultata. Førebels vurdering gjer at kommunedirektør har satt ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på kva tiltak ein kan og bør gjere innanfor drifta. Større tiltak må vurderast opp mot budsjett- og økonomiplan. 

Sjølv om rapportane viser at det er ein god del behov for utbetringar og vedlikehald av kommunens skule- og barnehagebygg, ser kommunedirektør det som positivt at vi no har eit godt grunnlag for å sjå på prioritering av tiltak.

Her er sakspapira og rapportane