Tilskot til inkludering av barn i fritidsaktivitetar - lokal fritidskasse

Med lokal fritidskasse kan Vindafjord kommune yta stønad til lag og organisasjonar for å dekka kostnadar til fritidsaktivitet for barn og unge som står i fare for utanforskap på fritida grunna økonomi. Søk innan 20. oktober.

Marte Norbakk

Vindafjord kommune ynskjer å leggja til rette for at lag og organisasjonar i kommunen kan bidra til eit meir inkluderande fellesskap for barn og unge på fritida. Det er ynskjeleg at tilskotsmidlar kan gjera det meir fleksibelt for lag og organisasjonar for å leggja til rette for meir inkludering, og førebygging av einsemd.

Dette kan du søka om tilskot til

  • Kostnadar forbunde med deltaking i fritidsaktivitetar for målgruppa  
  • Deltakaravgift i faste, organiserte, fritidsaktivitetar
  • Utstyr
  • Reise til fritidsaktivitet
  • Utgifter i høve til cup og leir
  • Andre kostnader forbunde med fritidsaktivitet kan også i enkelte tilfelle vurderast

    Kven kan søka?
  •  Lag og foreiningar, som har formell rolle ovanfor målgruppa


Kriteria for søknad

  •   Fritidskassen blir organisert i samarbeid mellom kommunen og frivilligheita
  • Det vil ikkje stillast krav til dokumentasjon av privatøkonomi eller liknande
  • Søkjar må bekrefta at behovet for støtte er til stades
  • Vurderinga blir basert på tillit mellom vaksne med eit felles mål om inkludering av barn og unge
  • Søkjar må ha gode rutinar for å ivareta personvernet til barn og unge som deltar i tiltaket, og for å følgja opp uønska hendingar

    Organisering og søknadsprosess
  • Digitalt søknadsskjema, kan søkjast fortløpande
  • Søknadsfrist: 20. oktober 2024
  •  Tilbakemelding frå kommunen 1. november 2024
  • Fritidskassen består av avgrensa midlar. Tildeling foretast ut i frå ein skjønns messig vurdering
  •  Tilskot vil overførast til søkjarens lag og foreining som får dekka sine utgifter til medlemskontingent, utstyr, treningsleir o.l.
  •  Tilskotsordninga er basert på tilskotsmidlar frå Bufdir til inkluderande oppvekstmiljø for barn og unge, samt ein kommunal eigenandel

    Rapportering
  • Mottakar av tilskot må senda ei kort oppsummering av korleis midlane er nytta og effekten av desse innan 31.01.2025

 

Søknadsfrist

Send inn søknad innan 20. oktober 2024.

Lenke til søknadsskjema

Kontakt

Har du spørsmål? Ta kontakt med Nelly Beate Vestbø i Kultur og læring på e-post Nelly.Beate.Vestbo@vindafjord.kommune.no, eller telefon 48 18 40 78