Tilbod om kurs i Tilskuddportalen for lag og organisasjonar i Vindafjord

Vindafjord kommune inviterer lag og organisasjonar til eit digitalt opplæringskurs i bruk av Tilskuddsportalen. Kurset finn stad torsdag 15. juni, frå klokka 18.00 til 19.30 på Zoom.

Vereinballschule, Pixabay

Tilskotsportalen er eit digitalt oppslagsverk med over 2700 søkbare tilskot, og er eit godt verktøy for å finna tilskot- og støtteordningar til ulike prosjekt for lag og organisasjonar. Kurset er aktuelt for alle som er tilknytt ein organisasjon og som ynskjer å søkja tilskot.

Kurset gir ei innføring i korleis Tilskuddsportalen kan brukast som eit effektivt verktøy til å søkja tilskot. Kurset legg også vekt på metodikk i arbeidet, utforming av søknader, samt korleis ein arbeider strategisk og langsiktig.

Trykk her for å bli med på kurset

 

Korleis søkja tilskot?

Alle lag og organisasjonar i Vindafjord kan bruka Tilskuddsportalen. Følg lenka til portalen, søk opp «Vindafjord» og trykk på tilgang for «Lag og foreninger i Vindafjord». Fyll deretter ut skjemaet «Jeg ønsker tilgang».

Gå til tilskotsportalen her